Opning av Birtedalen kraftverk

Måndag 19. august opna Birtedalen kraftverk i Fyresdal. Ordførar og styreleiar i VTK Konsernet Erik Skjervangen trykte på knappen som opna for vasstraumen, og markerte med det at utbyggingsprosjektet er ferdig, etter om lag 13 månader med anleggsarbeid.
-Vi er svært nøgde med å opne eit nytt kraftverk, som skal levere rein fornybar energi i lang tid framover, sa konsernsjef i Vest-Telemark kraftlag (VTK) Svenn-Erik Rafoss under opninga. VTK eig 80 prosent av aksjane i Birtedalen kraftverk AS, medan grunneigar Stein Helge Lassemo eig dei resterande 20 prosentane.

- Det er også viktig for oss at dette er eit lokalt prosjekt, fortset Rafoss. -VTK er eigd av kommunane, og verdiskapinga som skjer i kraftverket kjem slik sett attende til fellesskapet i Vest Telemark og grunneigarane. Totale kostnader med utvikling og utbygginga kom på om lag 37 millionar, og arbeidet har blitt gjort av lokale entreprenørar så langt det let seg gjere. Haugo Entreprenør har vore vår hovudentreprenør, og det er Vikingbygg og Dyrud Elektro som har vore underentreprenørar på høvesvis bygg og elektro. Telemark Nett har levert høgspentkablar og tilkoplingsanlegg.
 
Aslak Ofte har vore leiar for prosjektgruppa, og har leia arbeidet heilt frå starten i 2015, då han for fyrste gong hadde samtaler med Lassemo om ei mogleg utbygging.
-Det er arbeidet fram mot ei investeringsavgjersle som tek lengst tid, fortalde han i opningstala. 
-Vi hadde klar ein intensjonsavtale med grunneigarane i 2016, og skreiv konsesjonssøknad parallelt med dialogen om grunneigaravtaler og aksjonæravtale. Konsesjonen frå NVE kom i september 2019, og detaljplanlegginga starta i mars 2022. Investeringsavgjersla vart teken av styret til VTK i september same år, og på seinhausten starta gravemaskinane opp. Sjølve anleggsarbeidet tok berre litt over 13 månader.
 
-Det mest spesielle med dette prosjektet, er at heile området vest for Fyresvatn er verna mot kraftutbygging.
 
Eit vern betyr ikkje at det er ulovleg å byggje ut ny kraftproduksjon, men at ein må ta omsyn til naturverdiane og vassdraget si eigenart i alle ledd av prosjektet. 
-For det fyrste må generatoren yte mindre enn éin megawatt. Det gjer at det er rikeleg med vatn som renn i den dela av elva som er råka av utbygginga. Vidare er det strenge krav om minstevassføring, der kraftproduksjonen må reduserast eller stoppe opp om det er lite vatn i vassdraget. I eit normalår vil vi utnytte mindre enn halvparten av vassmengda. Vi har brukt om att dammen som allereie var i enden av Brutjønn, og lagt rørgata under tilkomstvegane til kraftverket og vassinntaket. På den måten har kraftverket eit lite avtrykk, og når det gror til, er det berre vegane og bygga som vil vere synlege spor i naturen. Elvestrekninga skal stå fram som ho gjorde før kraftverket kom, avsluttar Aslak Ofte.
 
Kraftverket har ein effekt på 990 kW, og skal etter berekningane produsere 5,3 GWh i eit normalår. Dette svarar til om lag 90 000 fulle ladesyklusar for ein Tesla modell 3, eller om lag 32 millionar kilometer køyring.
Kontaktpersonar: Svenn-Erik Rafoss, konsernsjef VTK (91 24 74 29), Aslak Ofte, prosjektleiar VTK (95 78 76 00) og Magnus Kvalbein, dagleg leiar i Birtedalen Kraftverk AS (905 333 41).