Ofte stilte spørsmål
Ofte stilte spørsmål
Korleis kan eg bestille kraftlevering?
Du kan bestille kraft via bestillingsskjema her eller du kan sende oss ein epost til kunde@vtk.no. Du kan også ringe oss på tlf. 35 07 57 33.
Kvar finn eg min faktura?
Du kan sjå din faktura på Minside eller i VTK App'n
Når får eg faktura?
Hovudregelen er at alle kundar får faktura kvar månad, og forfalltida er 21 dagar.
Kva er grunnen til høg faktura?
Fakturaen på kraft varierar gjennom året, og det kan vera mange grunnar til kvifor beløpet endrar seg. Når temperaturen synk vil som oftast både forbruk og kraftpris auke.
Kvar finn eg detaljert oversikt over timeforbruket mitt?
Viss du har ein automatisk straummålar (AMS) vil denne lese av forbruket time for time. Ved å logge inn på Min side kan du finne timeverdiane dine for den perioden du ynskjer.
Korleis reknar de ut kraftprisen?
Viss du har ein automatisk straummålar vil denne lese av forbruket time for time. Det betyr at du betalar for forbruket pr. time rekna ut etter den prisen som gjeld for aktuell time. På fakturaen blir det vist middelprisen for månaden. Ved å logge inn på Min side kan du finne timeverdiane dine
Må eg seia opp kraftavtala mi ved flytting?
Viss du har kraftavtale hjå oss og skal flytte så må du sei opp kraftavtala på adressa du flyt frå. Me kan sjølvsagt også levere kraft til den nye adressa di om du ynskjer det. Meld flytting her.
Forklaring av nettleige
Nettleige er det du betalar for å få overført straumen til huset ditt. Den skal også dekke drift og vedlikehald av straumnettet og straummålaren, samt offentlege avgifter. Nettselskapa har monopol innanfor sitt geografiske område.
Korleis får eg opna HAN-porten på målaren min?
For å få opna HAN-porten på straummålaren din må du ta kontakt med netteigaren din. Netteigar har ansvar for målaren din.