Om kraftproduksjon
I fleire hundre år har vasskraft vore nytta som resurs i Vest-Telemark.
Med mange høge fjell, bratte liar, bekkar og stryk, låg det godt til rette for å nytte fallenergien til vatnet. Vatn blei leia inn på vasshjul som gav kraft til både sagbruk og kvennhus. Vatnet kunne nyttast fleire gonger frå det kom som regn oppe i fjella, til det til slutt rann ut i havet.
I dag blir den same krafta nytta i vasskraftverk der vi produserer elektrisk straum til industri, hus og heimar. Rein og fornybar kraft.