Kraftverket er eigd av Vest Telemark Kraftlag AS og stod ferdig i 2018.
Trontveitåna kraftverk ligg ved Trontveit på vestsida av Nisser i Nissedal kommune.
Det har eit aggregat på 1,3 MW, ei slukeevne på 0,78 kubikkmeter pr. sekund og nyttar et fall på 194 meter i Trontveitåna som har utløpet sitt i Nisser. Vassvegen mellom inntaket og kraftstasjonen er eit nedgrave røyr med ein diameter på 600 mm og ei lengd på 1600 meter.
Det gamle kraftverket i Trontveitåna, som låg lengre opp i elva og nytta eit mindre fall, er rive og fjerna.